torsdag 16. mars 2023

DET SKJER i 2023 (klikk her for å opne)

21. feb: Mørketidssamling (Grupo)

28. feb: Vedlikehald av seglet (Bedehuset)

21. mars: ÅRSMØTE og Mørketidssamling (Grupo)


April/Mai: Vårpuss (Kvamsholmen)

06.mai: Mål om SJØSETJING


04.juni: Fjordadag

29. juli: Fiskefestival

19. august: Brudlaup

tirsdag 14. mars 2023

Om reparasjonen av Brørvikskuto

[Skrivet er forfatta av Lars Olav Eilifsen, 14.mars 2023]


Det som er skifta:

- eit band og fem opplengjer.

- to lengder av Remo og Fastabordet, fyrste og andre bordet, styrbord midtskips.

- to kortare lengder av 4. og 5. bordet på styrbord baug.

- vel 5 m esing midtskips styrbord


Som emne til opplengjer og band nytta me krokvaksen furu. Det var mykje tennar, reaksjonsved. Dette er sprø og svak ved. Denne er i yttersvingen, me nytta innersvingen nærast mogeleg yta, då denne er sterkast. Det kom med noko vannkant, det er både sterkt og stilrett.


Borda som er sette i er av god kvalitet, teken nær midt i fyrstestokken. Dei har retta inn, like eins som Hans Brørvik gjorde det. Det er høvla sifar, som si brukte me bomullstråd bløytt i tjøre. Sua er og tjøresmurd. Borda er heller beine så me sette dei turre i. Borda på styrbord baug vart stima og førehandssvøygde før tilpassning. Alle skaringar var omlag 4".


For å gjere esinga mjuk nok til isetjing, senka me ho i fjorden på vel 20 famnar. Der låg ho i to døger før me drog ho opp, svøygde ho og sette ho i press. Esinga var framleis heller stiv. Etter to døger slik, vart esinga montert. Isetjinga medførte noko treing, det gjekk greit då ho no var mjukna mykje. Esinga er av god ved, al, geite og litt vannkant. For å få al mot skutesida er retta ut.


Trenaglar av furu med åretta og jarnsaum med ro er nytta som opphaveleg.

Under skuto har vore nokre sprikker i eit bord i fleire år. Desse har vore plagsame ved sjøsetjing. Sprikkene vart frest ut gjennomgåande med 16 mm fres, og limt i list med epoxy.

Ved styrbord keipe er og limt i eit stykke på Remo, samt laga ny støtteklosse til keipen.

tirsdag 21. februar 2023

Referat frå MØRKETIDSSAMLING for SKUTEFOLKET, tirsdag 21. febr.2023

 

Ti medlemer møtte: Andreas, Anita, Per, Henning, Trygve, Oddny, Lars Olav, Ola,

Eldfrid og Kjell Arnstein.

 

·       Me byrja med å snakka om Skutefolket sin blogg.  Denne har vore litt forsømt, mykje av at medlemene ikkje har sendt inn stoff til redaktør Susanne.  Me valde ei lita gruppe som vil sjå på dette:  Susanne, Andreas, Lars Olav og Oddny.  Oddny kallar inn til møte.

·       Det er vorte nye, strenge reglar for kor mange passasjerar  me har lov å ta med ombord i Brørvikskuto, 12 pass. + mannskap. No er det litt usikkert om det er andre reglar for skuleborn/barnehagar. Dette på me prøva å få klarheit i.

·       Me må flytta landtauet til Skuto når ho ligg på Stamnes.  Kjell Arnstein tilbyr at Skuto kan fortøyast på hans eigedom, og då kan me bruka same ilen som no. 

·       Kai-kranen på Kvamsholmen: Spelet må flyttast/justerast.

 

·       Her kjem nokre datoar som de må merka deko:

·       Vedlikehald / synfaring av seglet (Bedehuset):  tirsdag 28. februar kl 18.00.  Ola tingar huset.

·       Neste Mørketidssamling + Årsmøte (Grupo):  tirsdag 21. mars kl 18.00.

Då vert det sett opp datoar for dugnadar til klargjering / vårpuss av Skuto.

Me har som mål: 

Sjøsetjing av Skuto laurdag 6. mai 2023 kl 12:00

Fjordadag i samarbeid med Stamnes Idrettslag: Forslag på søndag 4. juni 2023

Fiskefestival  (stand med lappesteiking/prøva å rekruttera nye /unge medlemer?) lørdag 29.juli 2023

Brudlaup / måga skuto?  lørdag 19. august 2023

 

Takk for hyggeleg samvær! 

Håpar me vert fleire neste gong!  Det vert god tid til å skravla innimellom, og godt med plass i

Allaktivitetshuset i Grupo.  Og så er det alltid kjekt å koma saman!

 

Helsing Skutefolket

Oddny (skrivar)

tirsdag 30. april 2019

Skutedugnad 27.april 2019

Rapport frå dugnad på Kvamsholmen, laurdag 27. april 2019:
Fem effektive karar møtte, og  gjorde skuto klar for utsetjing.
Dette vart gjort:To karar bunnsmurde skuto utanbords, medan tre karar la ned dørken, monterte løftinga, senka ned masta og beisa den, beisa vengtak og tofter, tok ned årane og råa og beisa desse.
Den yngste fekk læra å setja inn NYGLA på rett måte. Det vart også vist korleis ein senkar ned PUTANE og smurt bakom dei. MEN.... Ein av bunnsmørjarane oppdaga ein laus trenagle under vannlinja, den var heilt laus og kunne berre plukkast ut. Den var knekt mellom hud og spant, hadde tørka opp og var heilt laus. Denne må lagast ny, skuto kan ikkje sjøsetjast før dette er utbetra! Bortsett frå dette med naglen hadde me ein fantastisk fin dag på Holmen, og dei eldste er imponerte over dei yngste sitt gode humør,  arbeidvilje- og evne!

fredag 19. april 2019

Skutedugnad 06.april 2019

Fyrste laurdagen i april vart fylgjande arbeid utført av våryre skutefolk på Kvamsholmen:

Me skrapa og støvsugde skuto inni (over dørken), og smurde med denne tjøreblandinga:
  • 3 liter milebrent tjøre (Espegaard)
  • 1,5 liter kokt linolje m/soppdrepar
  • 0,5 liter terpentin
Dette vart tilsaman 5 liter. Smørja vart varma litt opp så den vart lett å smørja.
Det vart også kopla til vatn frå Kvamsvika, og litt snekkararbeid over barkekaret vart ferdiggjort.

Neste dugnad vert torsdag 25. april, kl 11.00. Då håpar me det vert litt fleire som møter opp!

onsdag 23. januar 2019

Mørketidssamlingar 2019

Kveldane er mørke, og vegane glatte - og det er igjen tid for Skutefolket sine årlege MØRKETIDSSAMLINGAR der komande dugnadar og aktivitetar vert planlagd. Me ynskjer gamle og nye Skutefolk hjartleg velkomne!

Stad: SJØTUN

Datoane er:
Tysdag 29. januar kl 19:00
Tysdag 26. februar kl 19:00
Tysdag 26. mars kl 19:00 

(26. mars er det også årsmøte)


tirsdag 1. januar 2019

Skutelogg 2018

Dette skjedde i 2018:

Januar
30. januar: Mørketidssamling

Februar
20. februar: Mørketidssamling

Mars
20. mars: ÅRSMØTE

April
07. april: Dugnad
12. april: Reingjering
14. april: Dugnad
19. april: Dugnad
27. april: Nye fester i sjøen m.m.
28. april: SJØSETJING

Mai/juni
Info om aktivitetar kjem sidan

Juli/August
Info om aktivitetar kjem sidan

September/Oktober
Info om aktivitetar kjem sidan
Skuto lyt i naustet att...