fredag 2. august 2013

Tur kring Osterøy, 1-2. august 2013

Vi prøvde denne sommaren å få til ein tur rundt Osterøya. Skiftande avgangstider og usikkert vær gjorde det vanskeleg å innby på førehand til noko fast opplegg. Torsdag 1.aug bestemte vi, Kjell Arnstein, Leif og Andreas, oss berre for å dra sidan det var einaste egna værforhold så langt værmeldinga rakk.

Er det nokon som kunne tenkt seg å væra med på noko slikt, og ikkje har vorte spurt denne gongen, så sei ifrå. Det kjem nok nye anledningar!

I sjutida torsdagkveld bar det ut til Kvamsholmen for rigga oss til toktet. Andre stopp vart Kvamsnaustet. Lokalinnvånarane delte av det dei hadde med oss. Vi lasta om bord mjelkekaker, rjome og rørte bær. Klokka 20 gansje presis reiste vi derifrå.

 Andre stopp. Lokal øydegard. 
(Flagginga er ikkje for oss. Dottera til leiaren i Skutefolket har bursdag)

Seig ”bortonna Boksteinlande”. Norvald var på haugen og vinka, og vi helsa med flagget. Så bar det utover, stilt og roleg. Praten gjekk og vi laga til ein prøve på styring med talje. Skuta dreg godt til babord når ein brukar påhengs så det kan verta noko slitsamt å stå og pressa rorkulten time etter time etter time….. Styring med talje fungerte fint.

 Kveldsseglas med påhengs. Fossmark i bakgrunnen. 
Ben Nordby har målt farten til 5,8 knop ved eit anna høve.

 Gammaldags hydraulisk styring (under utvikling).

Vi seig inn på Arnavågen når det nærma seg middnatt. Låg der og sov heile natta.

Ved nitida fredagsmorgon kom det litt vind og vi kasta laust. I motsetning til værmeldinga vart det eit kjempe torevær med kraftige regnbyer. Det var fantastisk, vi fekk sjå mange stilige lynnedslag i blått, lilla, oransje. Vinden var litt ujamn så vi ymsa litt med segling og motorkraft. Om lag ved sørfjordflua vart det eit knak i skuta og eit spant på babord side sprakk. Det viste seg at vi kunne stikka kniven langt (3 cm) inn utan kraft. Så her fann vi eit spant til som var dårleg. Det vert det tredje. Neste stopp var Hamre der vi ausa ut regnvatnet ved hjelp av stikkontakt på kaien. Her var det også bensin å få kjøpt (i motsetning til Stamnes).

Innover fjorden segla vi til Bjørsvik om lag. Sidan det vart motvind vidare innover valgte vi å gå Tjuasonne. Vi la oss i Vikaneset ei stund, åt rjomegraut og spikjekjøt. Kjell hadde med eit stort godt spikjelår (det var ein god ide).
 I Osterfjorden hadde vi seglvind.

 Rjomagraut og spikjekjøt i Vikaneset i sekstida. Koking på nyinnkjøpt gassapparat.

Påhengs heimover. Fyrst til Kvamsholmen og bar i land utstyr og så i bøya på Stamnes  fredagskvelden før det vart mørkt.


Alle foto: Leif Tysse

Ingen kommentarer: