tirsdag 29. april 2014

Fyrste tur på sjøen 2014

Bli med på årets fyrste seglas:


TORSDAG 1.MAI kl. 17:00

I år vart Brørvikskuto sjøsett rekordtidleg, og no er me lystne på ein tur utpå!


Torsdag inviterar me alle interesserte til ein skutetur i fjordane kring Stamnesbygda. Turen er tenkt å vara eit par timar. Me legg utpå utan master og segl (men med påhengs og 10 meter lange årar!), så det kan hende går turen oppom Fetabrua... I staden for segling vert det "antakelævis litt trekkspelmusikk"!

Ta med varme klede, kaffi og noko attåt.

Viss du vil vera med er det fint om du kan gje beskjed til Kjell Arnstein (902 71 761) eller Andreas (917 51 668). Får du ikkje tak i dei, bli med likevel! Berre møt på kaien på Stamnes kl 17.00.

Bygda står no i sin finaste vårstas, og er eit nydeleg skue frå sjøen. 
Vel møtt!


REFERAT OG BILETE FRÅ VEL GJENNOMFØRT TUR, 01.mai 2014:
Me var både opp til Gullyønæ og rundt Kallandsklubben. Hyttefolket på klubben sette tydeleg pris på det litt orginale kultur- og musikkinslaget som rak forbi medan dei grilla. (Stamnesfolket heldt seg meir bak potteplantane.)


Ingen kommentarer: