onsdag 18. oktober 2017

TAKK! frå styret

Attpå enno eit år med mykje aktivitetar både i, kring og med skuto, vil styret takka alle dei trufaste og ihuga dugnadsfolka som har gjort at Brørvikskuto har hatt vind i segla også i år. Mange av dykk har fleire roller, og brukar mykje tid på skuto.

Tjørebreiarar, seglarar, riggarar, lappesteikjarar og trekkspelarar, skuteopptrekkjarar, ja, endåtil papirarbeidarar i "administrasjonen" og eit par tusenkunstnarar har me med oss. Berre for å nemna nokre.  

Tusen takk for innsatsen!

Helsing frå styret i Skutefolket

Ingen kommentarer: